Nasjonalbiblioteket grev i desse dagar fram dei heftigaste kjærleiksbreva frå arkivet

Postert av Jean-Yves on 4. sep. 2017
 

Kjærleiken er mangfoldig. Han kan smelte is på Nordpolen, overmanne hjartet til ein landssvikar, og by opp sørgande enkjer til dans.

I høve opninga av Nasjonalbiblioteket sine nye publikumsområder har bibliotekarane greve djupt og funne fram fleire ikoniske kjærleiksbrev frå arkivet.

Gjennom fem brev får vi blant anna bli med inn i kjenslelivet til Vidkun Quisling, få timar før han vart avretta. Vi får også lese friarbrevet frå Agnar Mykle til Jacqueline Kennedy, og eit innblikk i bohemforfattaren Hans Jæger sin fortapte kjærleik for målaren Oda Krohg.

Source

Logg inn for å legge inn en kommentar Logg inn / Bli med